top of page
Hugin 220 spisebord m/ naturkant

Hugin 220 spisebord m/ naturkant

Hugin 180 spisebord er ei feiring av flott materiale og handarbeid. Det går ein del materiale med til å skape eit skikkeleg bord. Hugin står fram som ei solid stadfesting av denne ytringa, og er eit solid stykke handverk i seg sjølv. Kvart enkelt trestykke langtørkast i godt over eit år. Så følgjer streng utplukking av materiale. Legg til ein god dose disiplinert detaljarbeid, utført for hand - så sit du endeleg att med eit bord som umogleg kunne vore tilverka utan rikeleg med erfaring og kunnskap om gode råvarer.

Bordet kjem med naturkant, noko som betyr at kvar plate er heilt unik.

 

Bordet fås i to størrelsar:

100x220(320) cm

100x280(380) cm

Breddemålet er cirkamål, då ein aldri heilt veit korleis platekanten blir med eit naturkanta bord.

 

Oppgitt pris er for 100x220(320) cm inkl. 2x tilleggsplater.

Torpe Møbelfabrikk AS er ein plateleverandør som leverer hovudsakleg heiltre eikeprodukt. Dette innebærer salongbord, spisestover, mediabenker og det meste det medfølgjer. Sidan 1944 har Torpe Møbelfabrikk produsert og levert salongbord, og i dei seinare åra større bord, til den norske møbelmarknaden.

Fargevalg
bottom of page