top of page

10 TIPS TIL DEN PERFEKTE SOFA

1. Velg riktig størrelse

Det er viktig å ha dei rette måla når du skal kjøpe ny sofa. Sofaen bør verken være for liten eller stor i forhold til rommets størrelse. Mål området der sofaen skal stå for sjå kor stor sofa som passar inn.

På bildet: Kiwi modulsofa - eit sofasystem med små modular, som gjer Kiwi til ein plasseringsvennleg sofa.

 

2. Plassering

Plasserar du sofaen der den gamle sto - kanskje av rein vane?

Tenk etter om det er fleire moglegheiter for plassering av sofaen. Det bør ikkje vere for trangt rundt sofaen, du bør unngå å klemme det flat kvar gong du sette deg ned...

Om sofaen skal stå til tilknytting til ein tv, bør du óg tenke på lysforholda, sånn at du unngår gjenskinn frå vindauge i tv-skjermen

På bildet: Stream sofa frå Brunstad

 

3. Tekstilvalg

Ein velgjer ofte ein sofamodell, for deretter å velge tekstil utifrå ulike farger og stoffprøver. Det er viktig å hugse på at både tekstur og farge kan avvike på både skjerm og trykk. Det sikraste er å sjå prøvane foran deg, og det aller beste er sjølvsagt tekstilet på eit heilt møbel. Ta gjerne med deg stoffprøvar heim, og sjå på dei der sofaen skal stå. Ulikt lys kan gjere temmeleg stor forskjell, og det er ikkje sikkert det er samme belysning i butikklokala som det er heime hjå deg!

 

4. Sittekomfort

Ein grunn til å ikkje kjøpe sofa på nett, er at då får du ikkje testa sittekomforten før du bestiller. Sofaens dybde har mykje å sei for kor godt du faktisk sitt i sofaen, og påverkar óg det estetiske uttrykket. Ein djup sofa er ofte god å krype opp i, men det er kanskje ikkje det gjestene dine gjer når dei kjem på besøk.

På bildet: New York 3-setar m/ naglar, frå TopLine

 

5. Trygt eller trendy?

Ein flott sofa i ein knæsj farge kan bli eit fokuspunkt i stova di. Sørg for at du velgjer ein sofa som passar inn i stilen din ellers, og ikkje gå for ein knallrosa sofa om du mistenker at du vert lei etter eit par år.

Velger du ein meir nøytral sofa, er det lett å få ein ny stil ved å byte rimlegare tilbehør som puter, pledd og tepper.

På bildet: Enjoy 3-setar og stol ifrå TopLine.

 

6. Reinhald

Har du ungar eller dyr i huset? Tør du ta sjansen på ein lys sofa? Sjekk alltid om stoffet kan tas av, om det kan vaskast eller rensast, og om stoff i sofaen er laga av naturlege- eller kunstfibre. Dette kan spele ein rolle til kor mykje hår, smuss og skitt sofaen "trekker til" seg.

På bildet: Euphoria modulsofa frå TopLine

 

7. Skreddersy din eigen sofa

Finn du ikkje ein sofa som er perfekt for stova di og smaken din, er det ingenting som er betre enn å skreddersy sin eigen drømmesofa.

Modulsofa fins i fleire stilar, størrelsar og prisbilder, og du kan sette saman ulike element til du får den sofaen du ønskjer deg.

På bildet: System Pluss ifrå Brunstad.

 

8. Lag din eigen sofasone

Med fleire soner i stova, vert det enklare å møblere seg fram til eit ryddigare og meir fleksibelt rom. Innred med tepper, lamper og planter for å skape ei definert sone rundt sofaen.

På bildet: Time 3-seter, Kaya stoler og Casø 502 sofabord.

 

9. Sofaen som romavdelar

Ein hjørnesofa fungerar fint som romavdelar i stova, men stova bør ha ein viss størrelse for at sofaen ikkje skal bli for massiv. Bruk for eksempel hjørnesofaen til å skille stova frå spisestova om du har ein åpen løysing. Dette fungerar greit med chaisselongløysingar óg.

På bildet: Life modulsofa frå Formfin

 

10. Den sosiale sofaen

Det er lurt å tenke etter korleis du liker å sitte både når du er aleine og når du har besøk. Det er meir intimet og koseleg å sitte i ein hjørnesofa enn å sitte i to sofaer som er plassert mot kvarandre. Velger du éin lang sofa utan andre sittemoglegheiter, kan det følas vanskeleg å kommunisere når dykk er fleire.

På bildet: Euphoria modulsofa frå TopLine

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page