top of page
700 TV-benk

700 TV-benk

Flott og stilreint TV-bord, som passar perfekt til mange markedets store TV-skjermar, med 2 softclose skuffer og ein open del med trehylle. TV-benken er laga klar for oppheng, slik at du kan henge den på veggen.

Det er laga plass til å lede ledningar via topp-plata, ei løysing som er skjult dersom funksjonen ikkje vert benytta.

TV-benken er laga i kombinasjon heiltre / finért kvitolja eik, og kan på lik linje med resten av 700-serien leverast med frontar i kvitolja eik eller svart nanolaminat.

 

Oppgitt pris er i kvitolja eik, med bein/sokkel. TV-benken kan óg bestillast utan bein, for oppheng på veggen.

Casø Furniture er ein ung, spanande leverandør som leverar spenstige, høgkvalitets tremøblar med godt design. Dei jobbar tett med danske møbeldesignere, som veit å sette pris på flotte detaljar. Kolleksjonen deira består hovudsakleg av eikemøblar - spisebord, salongbord, skapseriar og spisestolar.

 

Besøk nettsida deira her

Fargevalg
bottom of page