top of page
Jade recliner

Jade recliner

Jade recliner ligg i toppklasse på kvalitet og komfort. Stolen vert laga i heiltstøypt kaldskum, noko som sikrar lang levetid og flott design.

 

Stolen kjem med regulerbar rygg, justert med ei sterk og god gasspumpe. Med denne kan du låse ryggposisjonen akkurat der du vil, og den sterke pumpa hjelp deg både opp og ned når du regulerar sitte -eller liggeposisjon. Ryggen går dessutan særskilt langt ned, noko som gjev ein fantastisk kvilestilling.

 

Nakkestøtta er regulerbar, både i vinkel og i høgde. Dette er ein flott funksjon for deg som likar å bruke stolen på fleire måtar - om det er å lese ei god bok eller om det er å kvile middag i. Jade reclinerstol treff deg uansett.

 

Fotbrettet er enkelt å operere inn og ut, og det er dessutan ekstra langt. Dette gjer stolen komfortabel for både høge og låge personar.

 

Men den mest eigenarta detaljen, sjølve "rosinen i pølsa" om du vil, med denne stolen er nok den regulerbare korsryggstøtta. Denne kan ein justere opp eller ned med ein batteridreven motor inni stolen. Dette gjer at stolen blir perfekt både når du søv middag eller når du skal sitte oppreist! Må prøvast! 

 

Velkomen innom for prøving!

PS: Pr 29.12.25 - kun utstilt i Øystese. Kjem til Husnes så snart den er på lager.

 

Oppgitt pris er for heil hud, inkludert batteri.

bottom of page